fredag 28. mai 2010

Hmm

Leeeenge sida sist blogginnlegg jammen!! Eg er visst ikkje så flink til dette her eg... Men eg er no her fortsatt. Noko nytt?? Nei... trur ikkje det. Eg er litt diakon for tida. Skal jobba 100% i kyrkja frå 1. august, og er svært nøgd med det. Eg kjem til å sakna barnehagen!!

I går var eg ute og øvelseskjørde med nokre ungdommar. Å øvelseskøyre er faktisk ennå kjekkare enn å kjøyra sjølv!! Og eg som liker såå godt å kjøyre sjølv. (korleis skriv eg kjøyre eigentleg?? Eg er ikkje så flink med denne nynorsken eg... ) Men me var iallefall ute i bilen i eit par timar. Til ca 23.30 etter at me hadde drukke kaffi i kyrkja. Den nye kaffiklubben har gjort at eg måtte lera meg å koka kaffi ;-) Dei drikk jo fleire kanner når dei kjem, så eg er nok litt flink ;-)

Kopervik kyrkja brenn ned.. :-/ Det er ganske tragisk eigentleg. No ventar dei på at tårnet skal rase. Dei har tenkt å la ho brenna heilt ned. Bestemor syntest det var forferdeleg! og spanande. Ho hadde sjølvsagt køyrd ut for å sjå på. Masse folk. Det var 17. mai stemning der sa ho :-) Bestemor er kul. Ho skal feire 80 årsdagen sin på senteret (rett ved sida av kyrkja) i sommar.

Kanskje eg skal verte flinkare å blogga. Men me får no sjå ;-) Lover ingenting.

Ha ei strålande helg!!