torsdag 26. august 2010

Monotasking

Det er det motsatte av Multitasking. Det betyr altså å gjere ein ting om gången!

Eg har vore på kurs i helga (eller det følest som om det var helg, men det var jo eigentleg onsdag til torsdag...) Der hadde me fantastiske foredrag om nærværskompetanse. Det er eit fint ord det!

Eg lerte mykje. Men i korte trekk: Monotasking. Vær alminnelig (vær deg sjølv).

Når eg kom heim i dag drog eg rett på jobb, for å lese litt mail, og så kom Kristin på middag, og me snakka litt om praksisen ho skal ha, og så var eg tilbake til kyrkja for å ha sanggruppe med ungdom, og så hadde me informasjonsmøte til hjemmegruppeledarane, så prøvde eg å verve ein bra mann til trosopplæringsutvalget vårt. Og veit dykk kva!!? Eg klarte å monotaske!!! Eg tenkte ikkje på songar og songgruppa når eg snakka med Kristin (eller eg gjorde jo det på slutten då, men då var me jo ferdige å snakka ;-) ) Og eg tenkte ikkje på hjemmegruppeledarane når me song, og eg tenkte ikkje på trosopplæringsutvalget når eg snakka om hjemmegruppene. Og eg er ikkje sliten!!! Normalt ville eg ha vore kjempesliten etter ein slik dag, fordi eg ville ha tenkt på alt, og bekymra meg for alt eg ikkje har gjort samstundes med at eg gjorde noko anna!! Det er slitsomt det!!

Så eg skal jammen drive meir med slik monotasking. Det var kjempelurt ;-)

torsdag 19. august 2010

Eg har det travelt...

... men det er visst slik det skal vera. Eg lurte litt på kva eg har gjort feil, fordi eg føler at så mykje ikkje er i boks enno... Slik er det jo alltid. Men så las eg bloggen til Leif Inge, og fann ut at det er visst slik det skal vera no på høsten. Den travlaste tida i ungdomsarbeidet sa han. Det visste kje eg... Men då har eg nok gjort alt rett likevel ;-)

Forresten ein bra blogg dersom du er litt interessert i ungdomsarbeid. Det er jo eg, så den skal eg fylja. Leif Inge er dessutan ein kul fyr som samlar på badeender ;-)

torsdag 5. august 2010

Oppdatert wow!!!

Oppdatert ja.

Samme løypa. Når me var ca halvvegs, så så eg til Kasper at dersom ikkje snittfarten var betre enn sist, så vert eg sur. Eg trur ikkje eg vart sur... No skal me sjå:
Altså same løypa på eit minutt raskare. Kasper seier det er mykje til ei så kort løype, og det kan eg jo vere einig i (bortsett frå påstanden om at det var ei kort løype...)
Snittfarten i dag var 8,9 km/t (sist var den 8,3)
Toppfarten i dag var 10,7 km/t

Eg var altså veldig flink. Det var ikkje så kjekt i dag. Eg synes de skal kommentere dette altså!!!!!! Takk.

No sit eg å skriv på mamma sin ipad. Det er litt kult det jammen. Eg er nok litt sjølvsentrert.

http://www.abcnyheter.no/nyheter/teknologi/100730/–-ipad-eiere-er-selvsentrerte-og-uvennlige

måndag 2. august 2010

Wow!!

Eg har jogga i dag. Saman med Kasper og hans fine nye iphone. Iphon-en kunne fortelje oss kor flink eg var. Han sa at me sprang 3,2 km. Vi sprang i 24 minutt, og hadde ein snittfart på 8,3 km/t. Toppfarten min var 10,9 km/t. (det er fort det!!!!). Vi brukte 7 minutt per km, og hadde ein stigning på 22 m. Her er kart over kor me har vore. Det er jammen langt!!!!!!

Det verste av alt er at eg synes det er kjekt!! Eg vart jo ikkje sliten eingång, og no vurderer eg om eg skal gjere detta litt oftare.

Har elles hatt ei fin helg med 80 års dag 3 dagar til endes. Eg har jammen ei sprek bestemor eg ;-) Masse oslobesøk i Åkravegen førte til at eg og Kasper vart kasta ut. Så me har vore hjå Ranveig og dei. Der har me vorte vekkte av Sunniva kvar morgon. Kjekt :-)

Knotten tok meg i går, og slik ser leggene mine ut no:
Ha ein fortsatt fin sumar!! :-)