onsdag 1. juli 2009

Hoppsi Deisi!

I dag reiste eg heim. Ranveig og Asle jobbar to veker, og då skal Sunniva bu her sjå bestemor. Og det syns tante er kjekt. Ho ropa tante når eg kom heim i dag :-D

Og ikkje berre sa ho tante, men ho STO medan ho sa tante.


Ho er også så stor at ho sit på vanlig voksenstol når ho et middag.

Sunniva har fått seg ein tøff politibil, så no er det lett å komme seg framover ;-)

Knallkjekt å låne telefonen til tante. Den lagar slik klikkelyd når han tek bilete. Sunniva ler godt kvar gong. Lett å gleda sånne små.

Og så til slutt er me heilt oppslukt i drømmehagen. Det er sånn kjekt barnetv for dei aller minste. Tomlingene, konglene, plinkel plonk, makka pakka, osv. Kjekt. I dag var det senga til Hopsi deisi som følgde etter ho, og så følgde ho etter senga si. Utrulig spennande :-p
I morgon skal tante og Sunniva kosa seg saman heile dagen. Me skal også få litt besøk av Tone Iren. Då skal me vise henne alle kunstene våre. Som f.eks. at me kan gå når me berre har nokre fingrar å halde oss i.