onsdag 6. oktober 2010

Staten lagrer norske nettsider

Totli har blogga. Ho har linka til denne sida (bør lesast), og stiller spørsmålet "er det greit?"

Og til det vil eg seie JA!! Selvfølgelig er det greit. Saken er altså at norske nettsider vert lagra på nasjonalbiblioteket. "Om jeg blotter meg i spisestuevinduet, og gardinene er borte, må jeg ta ansvar for det. Men mange tror nå at gardinene er trukket for." Difor må me lere ungdommar (og ikkje minst vaksne) at gardinene er faktisk borte. Internett kjem ikkje til å forsvinna, heldigvis!! Eg likar internett. Det er så mange moglegheiter der!! Og mange farer, sjølvsagt. Men vår jobb må vere å setje oss inn i denne verda, og vite litt meir om kva som faktisk hender der, IKKJE sei at "internett er farleg". Dersom me seier det, så får jo sjølvsagt born og ungdommar ennå meir lyst til å vere der. Slik er jo ungdom.Men me skal fylgje reglar!! Eg hadde øvelse med tween-sing i dag. Seks stk. kjekke jenter. Og me snakka litt om spel på dataen. På spørsmålet om kva spel dei lika best, fekk eg svaret "facebook". Og då fortalte eg dei at "de har ikkje lov til å vera på facebook". For det er faktisk ei aldersgrense der!! "ja men mamma laga profilen". "Då må du fortelje mamma at det ikkje er lov", svara eg då. Aldersgrensene er faktisk der av ein grunn. Nokon tar born med på kino med for høg aldersgrense og, men då er dei iallefall med... Eg lurer på kor mykje desse foreldra er med borna sine på facebook....?? Eg berre spør. (1 av 6 i koret mitt hadde IKKJE facebookprofil. Dei er 4.-7. klassingar).

Det eg ville fram til: Eg likar Ungdom og medier. Dei har som visjon å "gi tenåringer veiledning i møte med massemediene". JA TAKK. Så bruk dei de som jobbar med ungdom. Dei er ein god ressurs ;-)

2 kommentarer:

kristin sa...

JA! Eg like ungdom og medier, og tippe eg komme te å lesa mye om dei fremover

totliii sa...

Eg e heilt enige da. D så e viktigt e å informera om atte d e sånn d fungere. Men eg visste kje d før eg leste den artikkelen atte bloggen min blir lagra, d e ingen så har informert meg om d. Å d vett eg kje om eg syns e greit. D e jo endra på d nå, d går an å reservera seg mot lagring, men d jore d kje før. Å likavel va d ingen så fortalte meg om d. D kan jo kje vara greit?!? Då snakka me om et overvåkingssamfunn. Men, siå eg nå vett d, å eg har mulighet å reservera meg, så stille saken annerledes.

Eg har jo ingenting å skjula. :P