torsdag 11. november 2010

Den virkelige verden

I dag har me vore på "nettverkssamling for barne-og ungdomsarbeidarar i stavanger-kirken" eller noko slikt. Eit forum for oss som jobbar med barn og ungdom.

I dag var tema nettbruk i kristent ungdomsarbeid. Me snakka litt om det sist og, når me skulle finne tema til i dag. Og så var det eit seminar om facebook og slikt på trusopplæringskonferansen i oslo for nokre veker sidan som eg desverre ikkje fekk gått på, men eg har høyrd litt frå det. Og så skriv Krist.in eksamensoppgåve om same tema akkurat no. Og eg har lixom tenkt ein del på dette i det siste... Eg synes dette er så... hmmm... kva skal eg seie? Vanskeleg...? Interessant..? Spanande..? Utfordrande..? Noko slikt.

Eg bruker jo internett mykje, og det er på eit vis naturleg for meg å bruke det aktivt i jobben. Det vart snakka litt i dag om å ha to profilar, dette å få lov til å vere privat/personleg osv... Eg må seie at eg forstår det ikkje heilt alltid... Eg prøver jo ikkje å vere nokon annan når eg er saman med ungdommar..? Dersom eg møter på ungdommar ute når eg er saman med mine vener, så er jo ikkje det noko problem...? Så kvifor er det annsleis på internett?? Folk har mange gode argumenter altså... det er ikkje det, men eg berre forstår det ikkje heilt... Kanskje fordi eg ikkje klarer heilt å skilje mellom jobb og fritid alltid?? Eg får mange kontakter gjennom jobben min. Mange ungdommar som eg ser på som gode venner. Eg får mange gode relasjonar. Eg lærer mykje av ungdommar. Ungdomsarbeid er jo på ein måte ein livsstil, og eg trives med det!!

Det vart og sagt noko slik som at det kan vere skremmande å prate med ungdom om ting på nettet, fordi det lixom ikkje er "den virkelige verden". Det er kanskje lettare for ungdom å kome med ting dei ynskjer å snakke om på nettet, gjer det at dei ikkje vil komme til oss utenom nettet?? Øydelegg nettbruken for relasjonar utanom nettet?? Eg er nok litt ueinig.... Dei eg snakkar mest med på nettet, er jo dei eg snakkar mest med utanom også... Dersom ting er lettare å seie på nett, så tenker eg at det er greit. Eg møter dei igjen seinare, og det er dei jo klare over. Dei seier ikkje ting som gjer at det vert ubehageleg å møte meg seinare. Eg trur heller dei synes det er lettare då, fordi eg veit meir om dei, sjøl om dei ikkje torde å seie det face to face lixom...

Og kva er eigentleg den verkelege verda?? Eg trur internett er ein del av den verkelege verda. Internett er ikkje lenger berre ein ting ved sida av virkeligheten. Internett er ein del av livet, ikkje berre ein ting som er på sidelinja. Dersom me byrjar å snakke om internett som fake, og face to face møter som verkeligheit, så trur eg me bommar...

Hmmm... Har de nokon fleire tankar om dette?? Er nokon einigge med meg? Eller tenkjer eg heilt feil??

2 kommentarer:

Sang Tao - Judith sa...

Eg og bruke Internett møkje! Handel, musikk, inspirasjonskilder... Det går mær og mær gjønå Internett. Og sånt trur eg det komme te å fotsetta.

Folk skrive jo møkje dumt på Internett som di ikkje hadde vågt å sagt høgt. Det e barra det at du e så heldige å har så kjekke folk/ungdommar du jobbe med;) Så der oppstår det sikkert ikkje såne kjipe situasjonar, så akkurat det e sikkert ikkje noge problem for deg:) Men det E et problem når folk kaste drit om kvarandre på nettet. Folk kan skriva vannvittigt møkje stygt te kvarandre, serligt på bloggar o.l. der du kan vara anonym. ALDRI om di hadde sagt det face to face!

Men det som e kjempebra e at me sette fokus på bruk av Internett. Snakke/ diskutere/ går på kurs. Kjempeflott at det finnes kurs i grunn:) Og kjempeflott at kjørkjå sette fokus på det!

totliii sa...

Eg e enige me atte ungdomsarbeid e ein livsstil. Eg vil mesten sei atte menighetsarbeid e ein livsstil. Jaffal burde d vara d.

I lerarjobben ville eg aldri blitt venner me elevane mine på den "vanlige" profilen. I ein jobb me ungdomsarbeid e d ei heilt aen greia. Der prøve me jo å vara forbilder for ungdommane - å kafor ska me kje vara forbilder i internettsituasjonar?

D m å skriva dumme ting å sånt handle vel mest om mobbing, å d trur eg ikkje egentligt handle om d å ha forskjellige profilar på Facebook å andre nettsamfunn. I såner situasjonar vil eg påstå atte d e ennå viktigarre atte ein voksen e der (om enn virtuellt) å kan sjå ka så skjer, for så å retta søkelyse mot d i ein situasjon der d e naturligt, om d e i "den verkelige verden" elle den virtuelle. Eventuelt å konna ta seg av dei så ikkje har blitt behandla godt.

Eg syns d e genialt å sjå ka ungdommane drive me på face, for då har eg ennå mær å snakka me di om når eg treffe di for real seinare. Å eg har ingenting i mot atte dei vett ka eg drive me. Tvert om!