måndag 25. januar 2010

Bibelsamlaren

På sundag er det bibeldagen. Då vert kyrkjelydane oppfordra til å fokusera på bibelen. I den forbindelse skal me i Sunde laga eit langbord med biblar. Alle slags biblar. Rett og slett ei lita bibelutstilling. Så då skulle me sjå heime kor mange biblar me hadde, og ta dei med. Eg kom til 16 stk. (ikkje heile biblar då... men nye testamenter, salmer osv vart rekna med, og lydbibelen vart også rekna med) Det er ikkje lite det. Så dersom nokon vil gi meg ei gåve nokon gong, så ynsjer eg meg biblar. Alle typar. Biblar er kjekt ;-)

1 kommentar:

kristin sa...

Eg har kjøpt meg ny bibel nå :D Den nyeste til bibelselskapet, svart kunstskinn, kjempefine , åså har eg fått meg navn utpå :))