torsdag 21. januar 2010

Blogghistorie

No har eg lest gjennom alle blogginnlegga mine. Det var kjekt! Eg må fortsettje med å blogge, så kan eg lese mi eiga historie på nett om ca. 10 år. Og så minna eg meg sjølv på kvifor eg hadde slutta å skriva dialekt. Det var jo fordi ungdom (inkludert meg sjølv) er så sinnsykt lite flinke til å skrive. Eg hadde nesten gløymd mine eigne argument. Så no vert det litt nynorsk att. Eg har faktisk mykje kjekke innlegg eg. Eg trur vel at hovudbodskapen er at Gud er god og Ungdom er kule.
No skal eg snart på temakveld med Liv Kyllingstad Godin i Sunde kyrkje. Ho har vore misjonær i Kongo. No er ho 91 år gammal, og reiser snart ut att. Med seg i bagasjen har ho pensjonspenger og ein tiårsplan. "Aldri for gammel".

1 kommentar:

Sang Tao - Judith sa...

Bra at du ser du må fortsetta å blogga;)Eg glede meg øve adle oppdateringar!