tysdag 1. juni 2010

Bursdag og streik

Eg burde ha blogga i går, for då var eg glad. I dag er eg berre sur.

I går:
Eg hadde bursdag i går, og fekk så mange kjekke meldingar!! Då eg var komen heim, ringte det på døra, og der sto Lise, Ingunn, Bjarte og Aline og sång bursdagssongen til meg!! Og eg fekk pakke. Det var kjekt. Eg trur ikkje nokon har sunge på trappa mi før :-) Det var veldig koseleg med overraskelsesbursdagsbesøk. Me åt is.
Då dei hadde gått, gjekk det ikkje mange timar før det ringte på døra igjen, og der sto Ahmad og Astrid og sång bursdagssongen til meg! Og dei hadde med seg is!! :-D Så det vart mykje is på meg. Og eg likar jo is ;-)

I dag:
Streiken vert trappa opp i morgon. Eg er ikkje organisert, og skal difor ikkje streika. Men mange av kollegene mine i barnehagen skal streika. Me får lov å ha opent nokre timar dersom det er to uorganiserte på ein avdeling. Me er minst fire uorganiserte i barnehagen!! (me kunne altså hatt to avdleingar opne) MEN ingen av oss fire er på same avdeling, og dei har ikkje lov til å flytta på oss. Det vil seie at me ikkje har lov til å ha opent. Greit nok. MEN eg får ikkje lov til å avspassere!! Så eg må vere 7,5 timar i barnehagen!! Utan born!! Fy eg vart sur!! Eg har mykje å gjera i kyrkja for tida. Det er bortkasta tid å vere i barnehagen!! Kva skal vi gjera der?? Vaska!!!??? Argh argh argh!!!

No skal eg sjå frustrerte fruer. Eg er litt frustrert, så det passar jo bra.

1 kommentar:

Sang Tao - Judith sa...

Du, det e ikkje lov å ikkje skriva fødselsdatoen sin på facebook! Neida, gratulera med øvestått:)