laurdag 18. september 2010

Nettbruk i ungdomsarbeid

Eg har så mykje å vere glad for!! Eg stortrivs i jobben for tida. Det er altfor travelt. Eg klarer ikkje å avspasere det eg bør, og eg har ikkje tid til noko anna enn jobb, men det følest så meiningsfult det eg gjer, så då er det greit for ei periode iallefall ;-) Eg har så mange mennesker eg er så glad i, og eg skulle ønske eg hadde fleire timar i eit døgn, men eg må nok berre prioritera som best eg kan ;-) Eg må jo berre nytta anledningen til å skrøyta av mitt kjære syskenbarn Peder aka LidoLido som spela på Senkveld i går. Han er ein good guy! Eg veit ikkje heilt korleis eg kan beskriva kor stolt eg er :-)

Eg har tenkt litt på dette med nettbruk og ungdomsarbeid i det siste. Spørsmål som: Korleis bruker ungdommar facebook? Korleis bør me bruka facebook? Kva anna gjer ungdommane på nettet? Er det andre nettsamfunn eg burde melda meg inn i? Når ungdom legg ut ting som me kanskje synes er ufint, skal me kommentera det, eller bør me halda oss vekke? Er det greit at dei veit at me "spionerer" på dei? Burde eg hatt ein eigen konto privat, og ein annan ungdomsarbeidarkonto?

Eg trur eg har mange meiningar om desse tingene. Men eg skulle ønska nokon kom å sa kva som er "riktig". Det har jo vorte sagt at lærarar ikkje bør vere venner med elevane sine på fb, og at arbeidsgjevarar ikkje bør vere venner med sine ansatte osv. (eg har forresten alltid hatt mine sjefar som venner på facebook eg... ser ingenting negativt i det) Eg er venner med masse folk eg, og eg er stort sett tilgjengelig for alle når eg er pålogga, og eg kommenterer når eg føler for det, og eg blandar jobb og privatliv heile tida. Det har jo alltid vore snakka positivt om å "henge" med ungdom der dei er. Ver til stades på skular, på fotballkampar, utanfor butikken, gå natteravn osv.osv. Facebook er faktisk ein svært viktig arena der ungdommane er i vår tid. Så kvifor tenke annerledes der??

Eg trur ikkje eg ynskjer å lage meg eigne arbeidskontoar på nettet. Eg spionerer på ungdommane, og eg har ingenting å skjule for dei. Facebook er ein ypperleg anledning til å verte kjend med ungdomsmiljøet. På ein god måte vil eg seie. (og eg seier ikkje at det ikkje er ein del negative ting som hender på nettet. Det er mykje som ikke er bra, men det hjelper ikkje å ta avstand frå det. Ungdommane er der uansett).

Og så er spørsmålet om ein skal bruke tid på å sette seg inn i slike ting dersom ein ikkje i utgangspunktet er interessert... Eg veit ikkje heilt eg. Eg har jo aldri vore den siste til å setje meg inn i nye ting, og det er difor ikkje nokon stor sak for meg. Men eg brukte litt tid på å setje meg inn i ein del nye nettsamfunn då eg byrja å jobbe med ungdom i haugesund... Og eg bruker det fortsatt svært mykje i kommunikasjon med ungdom.

Skulle ynsje eg hadde alle svara. Nokon av mine lesarar som har formeiningar om dette?? Kommenter gjerne!! Både de som jobbar med ungdom, og de som er ungdom (eg ser meg sjølv i begge desse kategoriane :-p)

6 kommentarer:

kristin sa...

Det e viktig og ver på facebook, det e jo der ungdommane henge. Før hang de på kjøpesenteret, nå på facebook :p
Spørs jo litt på kass type jobb du har, om du bør ver venner med kolleger og sjefen og sånn. Men eg syns at sånn type ungdomsarbeiderjobb, så går det helt fint å være venner med konfirmantene på face, for å ha kontakt med de, og følge med på deres 'samfunn'

Kristina sa...

Eg jobba på ein barnaskule i fjor og då konne eg ikkje tenka meg å ha 6-7klassingar innpå. Men eg tror d hadde vore noke ant om eg hadde hatt de på fritidå deiras. For egentlig har eg jo ingenting å skjula og det e jo bra å verr testede der dei e, men eg følte d blei litt feil oppi ein skole/læresituasjon:)Samtidig så hadde eg kje lov helle då da:)

MARGOT TANGEN sa...

Det ska kanskje seiast at det e ei aldersgrensa på 13 år på facebook. Eg bruke ikkje facebook aktivt med folk så e under ungdomsskulealder. (sjøl om eg har nogen av dei som venn da...)

totliii sa...

kjør på du, margot. :D

Sang Tao - Judith sa...

Eg forstår godt at du e stolte øve Peder! Han e flinke:)

Sang Tao - Judith sa...

Har fått meg nye blogg:)