onsdag 15. september 2010

Eg likar jobben min!

Det er så kjekt på jobb når eg kan henge med ungdommane!! Dei siste to dagane har vore kanonkjekke!!
  • I går var det konfirmantundervisning frå kl. 14.30-16.00. Eg laga litt mat til desse konfirmantane, og dei er jo så kule!! No kan eg snart namnet på alle 54.
  • Kl. 17.00 var det styremøte for Skulelaget på Smiodden. Og dei ungdommane der er så kule dei og!!! Krist.in var også med, fordi ho skal jo ha praksis hjå meg. (når det gjeld Kristin så trur eg ho fortener eit eige blogginnlegg snart. For ho er så kul) Så kjøpte me oss litt grandiosa, før me skulle vidare til:
  • KRIK kl. 19.30. Og dei ungdommane som styrer KRIK er også kjeeempekule!! Eg blir så gla i alle desse kule ungdommane mine!! Det var mange folk og god stemning på KRIK. Kjekt var det (sjølv om, eller kanskje fordi, eg sat mest på sidelinja, og berre såg på;-) )
  • Kl. 20.30 fekk eg melding av sjefen om at det var komen nokre kule ungdommar til kyrkja, og presten hadde gitt dei litt Kaffi. Han lurte på om eg hadde lyst å ta ein tur innom, og det hadde eg jo sjølvsagt!!!! Så då kjøyrde eg til kyrkja igjen. Gjekk og kjøpte to grandis til og vart sittande der med desse kaffigutane eit par timar til ;-)
= EIN BRA DAG!!!! (sjølv om eg jobba frå 8.30-22.30)

I dag sto eg ikkje opp før kl. 12. Det var digg det!!
Så har eg strikka og lest og sett masse søppel-tv. Og kl. 19.30 sto 5 ungdommar på døra. Klare for bibelgruppe. Me drakk kakao, ba saman, las bibelen, prata, kosa oss. Var ferdige ca kl. 20.45, men dei ville jo ikkje heim!! Så då har dei vore her å lekt med spotify og Youtube og slikt til klokka var 21.45. FANTASTISKE ungdommar!!!! :-) Ååååå så kjekt det er :-D

Og i morgon er eg klar med kaffien att. Og eg gler meg masse masse masse!!! Det er kjekt å vere så gla i så mange ulike ungdommar! Dei er såååå kule :-D