søndag 5. september 2010

Konfirmant kick-off!

Har vore med dei nye konfirmantene våre heile helga! KJEKT!!! :-) På fredag hadde me kick-off frå kl. 19.00-23.00. Då var det konkurransar/sporlek, grilling og gudstjeneste. Me storkoste oss!!!!! Dei beste laga på sporleken var: 3. plass: KRIK, 2.plass: Konf-action guttene, 1.plass: Konf-action jentene. Eg var så stolt av desse kjekke konfirmantane mine!!! (for konf-actiongjengen er jo litt mine).

Laurdag var det 4 timars undervisning/samtalegrupper med ein liten matpause i mellom, og i dag har me hatt presentasjonsgudstjeneste. Fytti for nokon fantastiske konfirmantar!!!!!

Og eg har verva 3 stk til songgruppa mi ;-)

Og no i kveld har me hatt Binders (ungdomsklubben). Dette året er det ikkje obligatorisk for nokon konfirmantar, men eit heilt frivillig opplegg (i fjor var det 30 konfirmantar som måtte vere der, og ingen andre som kom). I kveld kom det 26 stk!! Heilt frivillig!!! Tilogmed nokon av fjorårskonfirmantane stakk hovudet innom.

Ungdomsarbeid er berre KJEKT etter slike helger :) Eg gledar meg til fortsettelsen på dette året :)

3 kommentarer:

kristin sa...

Det va kjekt :)! Og blir kjekt med flere i sanggruppa !

totliii sa...

hurra! :D

Leif Inge sa...

Utrolig kjekt med så bra oppmøte! Du er god!