torsdag 26. august 2010

Monotasking

Det er det motsatte av Multitasking. Det betyr altså å gjere ein ting om gången!

Eg har vore på kurs i helga (eller det følest som om det var helg, men det var jo eigentleg onsdag til torsdag...) Der hadde me fantastiske foredrag om nærværskompetanse. Det er eit fint ord det!

Eg lerte mykje. Men i korte trekk: Monotasking. Vær alminnelig (vær deg sjølv).

Når eg kom heim i dag drog eg rett på jobb, for å lese litt mail, og så kom Kristin på middag, og me snakka litt om praksisen ho skal ha, og så var eg tilbake til kyrkja for å ha sanggruppe med ungdom, og så hadde me informasjonsmøte til hjemmegruppeledarane, så prøvde eg å verve ein bra mann til trosopplæringsutvalget vårt. Og veit dykk kva!!? Eg klarte å monotaske!!! Eg tenkte ikkje på songar og songgruppa når eg snakka med Kristin (eller eg gjorde jo det på slutten då, men då var me jo ferdige å snakka ;-) ) Og eg tenkte ikkje på hjemmegruppeledarane når me song, og eg tenkte ikkje på trosopplæringsutvalget når eg snakka om hjemmegruppene. Og eg er ikkje sliten!!! Normalt ville eg ha vore kjempesliten etter ein slik dag, fordi eg ville ha tenkt på alt, og bekymra meg for alt eg ikkje har gjort samstundes med at eg gjorde noko anna!! Det er slitsomt det!!

Så eg skal jammen drive meir med slik monotasking. Det var kjempelurt ;-)

4 kommentarer:

Kasper Tangen sa...

Hm... Interessant :) Radikal idé i dagens multitask samfunn.

Var det gjennom jobben du var på kurs?

Vivian sa...

Genialt! Får jo kje gjort så masse nyttig ved bare å tenka på ting så ska gjerast... Detta må prøvast ut:)

glimt av lykke sa...

Huske at eg leste om, og prøvte monotaskingfor ei stond si.

Syns å huska at eg klarte det i nøyaktigt 5 minutt :D

MEN bra at det funke på deg :)

totliii sa...

clever you!