torsdag 19. august 2010

Eg har det travelt...

... men det er visst slik det skal vera. Eg lurte litt på kva eg har gjort feil, fordi eg føler at så mykje ikkje er i boks enno... Slik er det jo alltid. Men så las eg bloggen til Leif Inge, og fann ut at det er visst slik det skal vera no på høsten. Den travlaste tida i ungdomsarbeidet sa han. Det visste kje eg... Men då har eg nok gjort alt rett likevel ;-)

Forresten ein bra blogg dersom du er litt interessert i ungdomsarbeid. Det er jo eg, så den skal eg fylja. Leif Inge er dessutan ein kul fyr som samlar på badeender ;-)

Ingen kommentarer: