laurdag 14. november 2009

Nye data?

For eg e leie av Vista. Og eg føle d e tryggare å kjøpa nye data enn å oppgradera t windows 7. Oppgredering koste uansett 1000,-. Ein nye data t sånn 6000,- ca e fint. Åsse ska eg prøva å øvetala Ranveig å dei t å kjøpa denna, for an e jo egentligt ein go maskin ennå, t sånn 1000,- ca. Å då kan eg kjøpa meg photoshop t ca 1000,-.

Spørsmålet e jo: Mac elle pc? Men eg har meste bestemt meg for pc eg. Windows 7 ska visst vara bra. Og så kan eg pc, og eg broke pc på jobb. Eg vil ha talene t høyre på tastaturet sånnt så di har på faste maskinar.

Men viss nogen altså har nogen goe tankar om ka eg må, og ka eg absolutt ikkje må finna på å gjera, så sei ifrå fort. Bessede så kjøpe eg nye maskin i dag. Elle om nogen veker. Vett kje heilt. Har kjempelyst på nå me ein gång!!

torsdag 29. oktober 2009

E kje så go å blogga

Nei har vore litt treige her innpå i d sista :-) Men viss eg ska holla tradisjonen med ein blogg i måen, så må eg jo blogga nå :-p

Har blitt tante si sist. Glede meg t å reisa him å leka me Fillip og Sunniva igjen.

Og eg kose meg fortsatt på jobb. Kjekt både i kjørkjå å i barnehagen. Kjekke ungdommar, og kule ongar. Har starta sanggruppa, me hadde øvelse i dag, og me va skamgo ;-)

Har kje så møkje mær fornuftigt å sei eg... D vil sei ingenting fornuftigt i dag :-p Bedre lykke neste blogg :-)

Hej då!

fredag 11. september 2009

Haha!


"Forresten skal jeg si dere at i Kongo er det ikke et eneste menneske som snakker sant. De bare lyver hele dagen, begynner klokka sju om morgenen og holder på helt til kvelds. Så hvis jeg skrøner litt av og til, så kommer det av at jeg har vært................. litt for lenge i kongo"

Astrid Lindgren, Pippi Langstrømpe, 1. opplag 1945, side 15, avsnitt 1

Lenge siden sist blogginnlegg!!

Jeg begynner med bokmål igjen jeg. Har forstått at jeg skriver mye feil når jeg skriver bokmål, og regner ikke med det er særlig bedre på nynorsk-fronten. Det er visst ikke bare ungdommer som ødelegger språket sitt ved å skrive dialekt (med mindre jeg kan regnes som en ungdom da... det kan jeg jo :-) )

Jeg har nå startet i to nye jobber, og jeg trives utrolig godt begge steder! 60% ungdomsarbeider i Sunde menighet og 40% assistent i Aubeberget barnehage. Barna er søte, og ungdommene er fantastisk kule! (har ikke møtt så mange av dem ennå da, men jeg gleder meg!!)

Sunde menighet er et bra sted!! Her kan dere lese mer om hva jeg driver med om dagen viss dere vil ;-) Det som står under "Ungdom" er mitt :-)

Livet er bra!! :-)

torsdag 6. august 2009

Jobbintervju

Bruker folk å gå på intervju for å få seg jobb?? Hmmm... Eg har visst ikkje skjønt det eg då... Ja for no er 100% jobb i box. Eg er 60% ungdomsarbeidar i Sunde menighet, og 40% assistent i Aubeberget barnehage. Og eg har då ikkje send nokre søknadar, eller vore på nokre intervju...? Eller jo, eg har sendt to søknadar og vore på eit intervju, men dei jobbane fekk eg ikkje. Eg går heller på slike uformelle koselege samtalar med folk her og der eg, og så kan eg velje og vrake litt, og så plutseleg så ligg liksom alt til rette for meg. Slik likar me å ha det ;-) No nyt eg dei siste fridagane mine. I morgon er det konsert med Gordon Mote og Voice of Joy. Eg står på gjestelista. Trur ikkje eg har stått på gjestelista til ein konsert før, det er litt kjekt :-P

Eg bruker Safari no, og eg får raud strek under alt eg skriv her. Safari kan visst ikkje lese norsk...?? Nokon som veit om eg kan ta det vekk??

Og så har eg fått meg Spotify. For ein oppfinning!! :-) Eg kan jo høyre på all mulig kjekk musikk jo!! :-D Bra greier.

Til sist vil eg anbefale alle å sjekke ut Nina og Harald sin blogg. Fordi Harald har laga ein fantastisk fin stol til Tobias. Det ligg link her på sida mi. Familien Moi heiter dei.


torsdag 23. juli 2009

Effektive dagar


Her har de parasitten min. Roger seier det er ein parasitt, så då trur eg på det :-) No har eg redda stakkars gullfisken, så no håpar eg han har det bra. (Han var nesten ennå eklare på bilete en i verkelegheita :-/)

I går sat eg i telefon. Ja det var stort sett det eg gjorde. Ringde rundt til alle forsikringsselskapa. Og som vanleg så sparer ein nokre kroner på det. Så no vil eg anbefale alle å sjekke ut Skudenes og Åkra sparebank sin forsikring. Den var det absolutt billigaste alternativet!! (for dykk som har konto der iallefall). Eg har altså gått ned 600,- frå i fjor, trass at eg har lagt på ein forsikring ekstra. Så no har eg innboforsikring, og kan endre folkeregistrert adresse, så slepp eg å snylte på stavanger kommune når det gjeld skatting. (skjer det automatisk?)  


Andre ting eg har gjort dei siste dagane er å rydde. Eg har rydda og rydda, men ingen vil sjå det om dei kjem på besøk til meg. For eg har nemlig rydda inni dataen min!! Og det er så herrleg!! Bileta, musikken, dokument, program. Sletta, lasta ned, brunne ut, osv osv osv. Eg har til dømes fått meg Opera og Safari nettlesarar, så no er det over med Explorer for min del!! :-) Eg skal i alle fall teste dei ut :-) 

Og så har eg høyrd mykje på musikk, for eg har kjøpt meg ein ledning som koplar dataen til høgtalarane mine. Så no kan eg høyre all musikken min frå iTunes utan å måtte bruke dei dårligge høgtalarane på pc-en. Eg syns jammen eg har vore ganske så effektiv eg dei siste dagane, sjølv om eg nok har sove litt lenge om morgonane, og vore på ein del shopping med Ingunn, og spelt spel hjå fam. mjølhus. Men det er effektive og viktige ting det og ;-) 

No skal eg lese meg ein andakt. Eg har nemlig kjøpt meg ei andaktsbok som eg trur eg liker ganske godt! Eg plar ikkje å vere så nøgd med andaktsbøkene eg har prøvd, men eg likar Luther!!! :-) Så endå ein anbefaling i dag er denne boka her ;-) 1,- pr. andakt, det er då ikkje ille pris heller det ;-) 

Ha ein fortsatt fin juli!! 

tysdag 21. juli 2009

Fisk

Ja no har det seg slik at eg har omsider kjøpt meg ny fisk. Det vart ein slørhale. Når eg kom heim trudde eg han var sjuk, for han hadde noko svart på gjella si (heiter det det? Der han pustar.) Og så fekk han slike panikkanfall eller noko. Skjelvingar. Eg trudde han fraus eg, for vatnet var kanskje litt kaldt.... :-/ 

Men så etter ei stund når eg skulle sjå på han igjen, viste det seg at den svarte flekken var løsna frå gullfisken min, og det var jammen ein levande skapning!! Eg har fått to fiskar!! Oj. Eller, eg veit ikkje heilt om eg skal kalla det ein fisk... det er ein bittebitte liten flyndreaktig sak, og eg klarer ikkje heilt å bestemma meg for om eg synes han er søt eller ekkel. Eg trur gullfisken min hadde det fint då. Han verka meir avslappa og såg ut som han kosa seg i vasen sin (ja det er ein stor vase frå IKEA, eg har prøvd å ha fisk i han før, og det funka ikkje, så får me sjå korleis det går no) 

Og så lurer eg jo sjølvsagt på eit par ting til. Roger eg treng litt hjelp her! Så Judith, kan du videreformidla dette til din ektemann?? :-) Takk takk ;-) Det er fint å kjenne ein slik fiskeekspert. Roger er ekspert på mange ting han, blant anna fiskar :-) 

For eksempel så lurer eg på om han kan få bu på golvet. Det var det eg hadde tenkt, han står der no. Men det kan jo kanskje bli litt kaldt til tider??

Og så lurer eg på kor ofte eg skal byte vatn og slikt. Kanskje eg gjorde reint for ofte med den der kampfisken min?? Dei tålar jo ikkje så mykje forandring. Dama på butikken sa at han sikkert ikkje hadde frose i hjel. Eg trudde det eg. At eg hadde frose han ut lixom. Men ho var ikkje einig. Ho dama sa forresten at både kampfisk og slørhalar skulle vera lette å halda i live.... :-/ Lurar på kva eg gjorde feil med slørhalen min då... Og så kjøpte eg slørhale, sjølv om Roger sa ein gong at eg heller måtte kjøpa vanligge gullfiskar. Men dama på butikken sa at dei blir for store til boller (og det gjeld nok vasar og ;-) ). 

Og så lurar eg på om eg skulle ha kjøpt meg ein til. Han ser så einsam og trist ut. Er det plass til to i ein vase? eller vert det for trangt?? 

Og så er eg litt bekymra for dette krypet som driv å festar seg på fisken min heile tida. Eg tenkte eg skulle prøve å få tatt eit bilete av han, men han har festa seg på gullfisken igjen, og gullfisken min ser litt redd ut synes eg... Staaakar. Eg veit ikkje heilt om dei er vener eller fiender. Kanskje dei berre leker når han prøver å riste seg laust? Tenk om dette krypet kjem til å drepa gullfisken min!! :-o Kjem den saken til å veksa seg stor?? Kanskje det ikkje er ein fisk i det heile, berre ein stor, ekkel bakterieting? Her er nokre bilete. Eg har fått med den svarte tingesten og. 

Og så treng han sjølvsagt navn!! Eg tenkte Aline skulle få bestemme navn, men ho sa berre sånne tullenavn som ikkje finst. Så då får eg spørje om forslag frå lesarane mine :-) Aline sa det var ei jente.