torsdag 6. august 2009

Jobbintervju

Bruker folk å gå på intervju for å få seg jobb?? Hmmm... Eg har visst ikkje skjønt det eg då... Ja for no er 100% jobb i box. Eg er 60% ungdomsarbeidar i Sunde menighet, og 40% assistent i Aubeberget barnehage. Og eg har då ikkje send nokre søknadar, eller vore på nokre intervju...? Eller jo, eg har sendt to søknadar og vore på eit intervju, men dei jobbane fekk eg ikkje. Eg går heller på slike uformelle koselege samtalar med folk her og der eg, og så kan eg velje og vrake litt, og så plutseleg så ligg liksom alt til rette for meg. Slik likar me å ha det ;-) No nyt eg dei siste fridagane mine. I morgon er det konsert med Gordon Mote og Voice of Joy. Eg står på gjestelista. Trur ikkje eg har stått på gjestelista til ein konsert før, det er litt kjekt :-P

Eg bruker Safari no, og eg får raud strek under alt eg skriv her. Safari kan visst ikkje lese norsk...?? Nokon som veit om eg kan ta det vekk??

Og så har eg fått meg Spotify. For ein oppfinning!! :-) Eg kan jo høyre på all mulig kjekk musikk jo!! :-D Bra greier.

Til sist vil eg anbefale alle å sjekke ut Nina og Harald sin blogg. Fordi Harald har laga ein fantastisk fin stol til Tobias. Det ligg link her på sida mi. Familien Moi heiter dei.