søndag 7. juni 2009

Evnen til å tolke tekstar

Eg har visst eit lite problem med å tolke tekstar for tida. Det heile starta med at eg misstolka NAV sine nettsider. Det vil sei at eg trudde eg hadde søkt om dagpenger. Det var jo lett denne gongen i forhold til i fjor. Men det stod noko om krav om gjenopptak av dagpenger dersom det var mindre enn 52 veker sidan sist eg leverte meldekort. Og det var det jo. Så eg levde i god tru. Meldekort skal leverast 6. juni (obs....:-o) Sånn, no er det gjort ;-)

Men så fekk eg dette brevet i posten:

Og verken eg eller mamma skjøna kva nav prøvde å seie. Så eg tenkte det var tryggast å ta ein telefon, noko som førte til at eg oppdaga at eg aldeles ikkje hadde søkt om dagpenger. Eg har altså missta ei veke med dagpenger, må troppe opp på kontoret i Kopervik på måndag for å skrive under på eit krav om gjenopptak bla bla bla. Så eg måtte reise heim. Eigentleg like greit, i og med at eg ikkje har pengar til mat denne veka :-)

Neste tolkningsproblem: Eg visste at Voice of Joy skulle synge på avskjeden til Baasland i stavanger i dag. Og eg fann denne artikkelen på stavanger aftenblad sine nettsider:
Og sidan eg er så veldig dårlig til å tolke tekstar for tida, så trudde eg såklart at dei skulle synge på den direkteoverførte radiogudstjenesten. Så eg gjekk ikkje på gudstjeneste i kyrkja, men sat heime for å høyre Voice of Joy på radioen. Men der skulle dei sjølvsagt ikkje synge. Det var kammerkoret og Guttekoret som song der. Sjølvsagt! Korleis kunne eg vere så dum å tru noko anna?? Eg meiner, den artikkelen sa jo ingenting om voice of joy... ?? Eller?? Baasland holdt ei fin preike, så det var ikkje heilt forgjeves ;-)

Broren min er iallefall tøff :-)

onsdag 3. juni 2009

Bilete på bloggen

Kva har du på hjartet? står det på facebooken min no. Eg har nemleg fått meg facebook på nynorsk. Eg måtte jo det, når eg skal verta så flink å skriva nynorsk blogg ;-)

Nokon er så veldig flinke å legga bilde på bloggen sin. Eg sit ofte her å tenkjer at "det biletet hadde passa her!". Det ser så lett ut for andre, men eg synes det er litt jobb å finne telefon(kamera) og ledning og alt som skal til for å legge bileta ut eg... Er det berre meg? Eller finst det ein enklare måte som eg ikkje veit om??? Det er jo ikkje vanskelig da... men eg må lixom finne fram den ledningen. Dessuten så får eg ikkje til å legga bileta der eg vil dei skal ligga. Dei vert for store, eller for små, eller så legg dei seg så feil i forhold til kvarandre. Korleis gjer folk dette eigentleg???

Eg er arbeidsledig ja. Det er litt herleg. Men hadde vore fint å visst kva framtida bringer.

Forresten så var eg på Etter Skoletid i Udland på tysdag. Eg klarer ikkje heilt å slutte der. Jobbar der fortsatt oppi hovudet mitt :-p Og så kom Kristin og Charlotte og. Så då vart eg litt sjåfør. Akkurat som i gamle dagar. Kjekt ;-)