Eg har så mykje å vere glad for!! Eg stortrivs i jobben for tida. Det er altfor travelt. Eg klarer ikkje å avspasere det eg bør, og eg har ikkje tid til noko anna enn jobb, men det følest så meiningsfult det eg gjer, så då er det greit for ei periode iallefall ;-) Eg har så mange mennesker eg er så glad i, og eg skulle ønske eg hadde fleire timar i eit døgn, men eg må nok berre prioritera som best eg kan ;-) Eg må jo berre nytta anledningen til å skrøyta av mitt kjære syskenbarn Peder aka LidoLido som spela på Senkveld i går. Han er ein good guy! Eg veit ikkje heilt korleis eg kan beskriva kor stolt eg er :-)
Eg har tenkt litt på dette med nettbruk og ungdomsarbeid i det siste. Spørsmål som: Korleis bruker ungdommar facebook? Korleis bør me bruka facebook? Kva anna gjer ungdommane på nettet? Er det andre nettsamfu
nn eg burde melda meg inn i? Når ungdom legg ut ting som me kanskje synes er ufint, skal me kommentera det, eller bør me halda oss vekke? Er det greit at dei veit at me "spionerer" på dei? Burde eg hatt ein eigen konto privat, og ein annan ungdomsarbeidarkonto?
Eg trur eg har mange meiningar om desse tingene. Men eg skulle ønska nokon kom å sa kva som er "riktig". Det har jo vorte sagt at lærarar ikkje bør vere venner med elevane sine på fb, og at arbeidsgjevarar ikkje bør vere venner med sine ansatte osv. (eg har forresten alltid hatt mine sjefar som venner på facebook eg... ser ingenting negativt i det) Eg er venner med masse folk eg, og eg er stort sett tilgjengelig for alle når eg er pålogga, og eg kommenterer når eg føler for det, og eg blandar jobb og privatliv heile tida. Det har jo alltid vore snakka positivt om å "henge" med ungdom der dei er. Ver til stades på skular, på fotballkampar, utanfor butikken, gå natteravn osv.osv. Facebook er faktisk ein svært viktig arena der ungdommane er i vår tid. Så kvifor tenke annerledes der??
Eg trur ikkje eg ynskjer å lage meg eigne arbeidskontoar på nettet. Eg spionerer på ungdommane, og eg har ingenting å skjule for dei. Facebook er ein ypperleg anledning til å verte kjend med ungdomsmiljøet. På ein god måte vil eg seie. (og eg seier ikkje at det ikkje er ein del negative ting som hender på nettet. Det er mykje som ikke er bra, men det hjelper ikkje å ta avstand frå det. Ungdommane er der uansett).
Og så er spørsmålet om ein skal bruke tid på å sette seg inn i slike ting dersom ein ikkje i utgangspunktet er interessert... Eg veit ikkje heilt eg. Eg har jo aldri vore den siste til å setje meg inn i nye ting, og det er difor ikkje nokon stor sak for meg. Men eg brukte litt tid på å setje meg inn i ein del nye nettsamfunn då eg byrja å jobbe med ungdom i haugesund... Og eg bruker det fortsatt svært mykje i kommunikasjon med ungdom.
Skulle ynsje eg hadde alle svara. Nokon av mine lesarar som har formeiningar om dette?? Kommenter gjerne!! Både de som jobbar med ungdom, og de som er ungdom (eg ser meg sjølv i begge desse kategoriane :-p)