fredag 19. mars 2010

Rett i ryggen?

I dag har eg vore hjå doktor. Eg trur det må være meir enn 10 år sidan sist! Så det var vel kanskje på tide. Eg kom heim att med henvisning til fysioterapaut, fordi eg lid sannsynligvis av noko som heiter "klinisk rettryggsyndrom". Haha. Eg ler meg i hel. Eg er rett og slett alt for rett i ryggen. "fysioterapi er av vestentlig betydning for pasientens sykdom og funksjonsevne" står det her. Morosamt :-) Så no skal eg til fysioterapeut! Jippi!! Der har eg aldri vore før :-)

tysdag 16. mars 2010

Egil Svartdal. Go å hørra på som alltid.


Ein stk. låååånge dag i dag. Ein stk. låååånge dag i mårå. Glede meg t torsdag, for då ska eg sjå film me na Lise :-D

Gud e go. Takk for det!! :-)

Gratulera me dagen t na Charlotte.

Sjå dei herrligge tantongane mine!! :-D

8 dagar t u Judith har termin.

Livet e bra!

fredag 19. februar 2010

Kasko?

Og plutselig forsto eg koffår eg sko hatt full kasko på bilen min, og ikkje barra delkasko..... :-/

tysdag 9. februar 2010

Argh!!


Ein dum søppelbil har laga ei stor ripe i bilen min!! Såå teit at ingen såg på, for eg kan jo ikkje bevise nokon ting!! Men dei hadde lagt igjen ein lapp på ruta mi der dei kjefta for at eg hadde parkert feil, og det hadde eg ikkje!!!

Ripe i lakken er dyrt, og det er stress, og forsikring er stress. Og så må eg jo leite opp dei som har gjort dette med den stakkars bilen min, og prøve å overtale dei til å innrømme det. Argh!!!

måndag 25. januar 2010

Bibelsamlaren

På sundag er det bibeldagen. Då vert kyrkjelydane oppfordra til å fokusera på bibelen. I den forbindelse skal me i Sunde laga eit langbord med biblar. Alle slags biblar. Rett og slett ei lita bibelutstilling. Så då skulle me sjå heime kor mange biblar me hadde, og ta dei med. Eg kom til 16 stk. (ikkje heile biblar då... men nye testamenter, salmer osv vart rekna med, og lydbibelen vart også rekna med) Det er ikkje lite det. Så dersom nokon vil gi meg ei gåve nokon gong, så ynsjer eg meg biblar. Alle typar. Biblar er kjekt ;-)

torsdag 21. januar 2010

Blogghistorie

No har eg lest gjennom alle blogginnlegga mine. Det var kjekt! Eg må fortsettje med å blogge, så kan eg lese mi eiga historie på nett om ca. 10 år. Og så minna eg meg sjølv på kvifor eg hadde slutta å skriva dialekt. Det var jo fordi ungdom (inkludert meg sjølv) er så sinnsykt lite flinke til å skrive. Eg hadde nesten gløymd mine eigne argument. Så no vert det litt nynorsk att. Eg har faktisk mykje kjekke innlegg eg. Eg trur vel at hovudbodskapen er at Gud er god og Ungdom er kule.
No skal eg snart på temakveld med Liv Kyllingstad Godin i Sunde kyrkje. Ho har vore misjonær i Kongo. No er ho 91 år gammal, og reiser snart ut att. Med seg i bagasjen har ho pensjonspenger og ein tiårsplan. "Aldri for gammel".

laurdag 9. januar 2010

Winter wonderland

Det e fint med vinter. Det e koseligt når det e så kaldt. Dynå i ståvå å varme kler heila tie, det tåle me :-) Ingen butikkar har varmeovnar. Nei, det finst kje i Norge. Det komme et par tusen t norge på måndag, men dei forsvinne nok fort. Di klare kje å produsera nok ovnar rett og slett. I dag har eg og Lise og Mjølhusane vore på stokkavatnet. Eg gjekk via hålandsvatnet t stokkavatnet. Masse folk på begge vatnene. Eg har og lagt ei islykt så står så fint på terrassen å brenne nå. Eg syns den her kulden e skikkeligt koseligge eg. Når d blir for kaldt i leiligheten, så e d jo barra å kle seg godt og henta dynå og pleddet ;-) Ha ein fine vinterkveld!!! :-)