for 3 år siden
torsdag 7. oktober 2010
Takk!!!
Kvar kjem alle desse FANTASTISKE ungdommane frå!!!??? Dei dukkar opp heile tida. Åååå, eg er så velsigna heldig som har ein slik jobb :-D :-D Gud er god ;-)
onsdag 6. oktober 2010
Staten lagrer norske nettsider
Totli har blogga. Ho har linka til denne sida (bør lesast), og stiller spørsmålet "er det greit?"
Og til det vil eg seie JA!! Selvfølgelig er det greit. Saken er altså at norske nettsider vert lagra på nasjonalbiblioteket. "Om jeg blotter meg i spisestuevinduet, og gardinene er borte, må jeg ta ansvar for det. Men mange tror nå at gardinene er trukket for." Difor må me lere ungdommar (og ikkje minst vaksne) at gardinene er faktisk borte. Internett kjem ikkje til å forsvinna, heldigvis!! Eg likar internett. Det er så mange moglegheiter der!! Og mange farer, sjølvsagt. Men vår jobb må vere å setje oss inn i denne verda, og vite litt meir om kva som faktisk hender der, IKKJE sei at "internett er farleg". Dersom me seier det, så får jo sjølvsagt born og ungdommar ennå meir lyst til å vere der. Slik er jo ungdom.
Men me skal fylgje reglar!! Eg hadde øvelse med tween-sing i dag. Seks stk. kjekke jenter. Og me snakka litt om spel på dataen. På spørsmålet om kva spel dei lika best, fekk eg svaret "facebook". Og då fortalte eg dei at "de har ikkje lov til å vera på facebook". For det er faktisk ei aldersgrense der!! "ja men mamma laga profilen". "Då må du fortelje mamma at det ikkje er lov", svara eg då. Aldersgrensene er faktisk der av ein grunn. Nokon tar born med på kino med for høg aldersgrense og, men då er dei iallefall med... Eg lurer på kor mykje desse foreldra er med borna sine på facebook....?? Eg berre spør. (1 av 6 i koret mitt hadde IKKJE facebookprofil. Dei er 4.-7. klassingar).
Det eg ville fram til: Eg likar Ungdom og medier. Dei har som visjon å "gi tenåringer veiledning i møte med massemediene". JA TAKK. Så bruk dei de som jobbar med ungdom. Dei er ein god ressurs ;-)
Og til det vil eg seie JA!! Selvfølgelig er det greit. Saken er altså at norske nettsider vert lagra på nasjonalbiblioteket. "Om jeg blotter meg i spisestuevinduet, og gardinene er borte, må jeg ta ansvar for det. Men mange tror nå at gardinene er trukket for." Difor må me lere ungdommar (og ikkje minst vaksne) at gardinene er faktisk borte. Internett kjem ikkje til å forsvinna, heldigvis!! Eg likar internett. Det er så mange moglegheiter der!! Og mange farer, sjølvsagt. Men vår jobb må vere å setje oss inn i denne verda, og vite litt meir om kva som faktisk hender der, IKKJE sei at "internett er farleg". Dersom me seier det, så får jo sjølvsagt born og ungdommar ennå meir lyst til å vere der. Slik er jo ungdom.
Men me skal fylgje reglar!! Eg hadde øvelse med tween-sing i dag. Seks stk. kjekke jenter. Og me snakka litt om spel på dataen. På spørsmålet om kva spel dei lika best, fekk eg svaret "facebook". Og då fortalte eg dei at "de har ikkje lov til å vera på facebook". For det er faktisk ei aldersgrense der!! "ja men mamma laga profilen". "Då må du fortelje mamma at det ikkje er lov", svara eg då. Aldersgrensene er faktisk der av ein grunn. Nokon tar born med på kino med for høg aldersgrense og, men då er dei iallefall med... Eg lurer på kor mykje desse foreldra er med borna sine på facebook....?? Eg berre spør. (1 av 6 i koret mitt hadde IKKJE facebookprofil. Dei er 4.-7. klassingar).Det eg ville fram til: Eg likar Ungdom og medier. Dei har som visjon å "gi tenåringer veiledning i møte med massemediene". JA TAKK. Så bruk dei de som jobbar med ungdom. Dei er ein god ressurs ;-)
søndag 26. september 2010
laurdag 18. september 2010
Nettbruk i ungdomsarbeid
Eg har så mykje å vere glad for!! Eg stortrivs i jobben for tida. Det er altfor travelt. Eg klarer ikkje å avspasere det eg bør, og eg har ikkje tid til noko anna enn jobb, men det følest så meiningsfult det eg gjer, så då er det greit for ei periode iallefall ;-) Eg har så mange mennesker eg er så glad i, og eg skulle ønske eg hadde fleire timar i eit døgn, men eg må nok berre prioritera som best eg kan ;-) Eg må jo berre nytta anledningen til å skrøyta av mitt kjære syskenbarn Peder aka LidoLido som spela på Senkveld i går. Han er ein good guy! Eg veit ikkje heilt korleis eg kan beskriva kor stolt eg er :-)Eg har tenkt litt på dette med nettbruk og ungdomsarbeid i det siste. Spørsmål som: Korleis bruker ungdommar facebook? Korleis bør me bruka facebook? Kva anna gjer ungdommane på nettet? Er det andre nettsamfu
nn eg burde melda meg inn i? Når ungdom legg ut ting som me kanskje synes er ufint, skal me kommentera det, eller bør me halda oss vekke? Er det greit at dei veit at me "spionerer" på dei? Burde eg hatt ein eigen konto privat, og ein annan ungdomsarbeidarkonto?Eg trur eg har mange meiningar om desse tingene. Men eg skulle ønska nokon kom å sa kva som er "riktig". Det har jo vorte sagt at lærarar ikkje bør vere venner med elevane sine på fb, og at arbeidsgjevarar ikkje bør vere venner med sine ansatte osv. (eg har forresten alltid hatt mine sjefar som venner på facebook eg... ser ingenting negativt i det) Eg er venner med masse folk eg, og eg er stort sett tilgjengelig for alle når eg er pålogga, og eg kommenterer når eg føler for det, og eg blandar jobb og privatliv heile tida. Det har jo alltid vore snakka positivt om å "henge" med ungdom der dei er. Ver til stades på skular, på fotballkampar, utanfor butikken, gå natteravn osv.osv. Facebook er faktisk ein svært viktig arena der ungdommane er i vår tid. Så kvifor tenke annerledes der??
Eg trur ikkje eg ynskjer å lage meg eigne arbeidskontoar på nettet. Eg spionerer på ungdommane, og eg har ingenting å skjule for dei. Facebook er ein ypperleg anledning til å verte kjend med ungdomsmiljøet. På ein god måte vil eg seie. (og eg seier ikkje at det ikkje er ein del negative ting som hender på nettet. Det er mykje som ikke er bra, men det hjelper ikkje å ta avstand frå det. Ungdommane er der uansett).
Og så er spørsmålet om ein skal bruke tid på å sette seg inn i slike ting dersom ein ikkje i utgangspunktet er interessert... Eg veit ikkje heilt eg. Eg har jo aldri vore den siste til å setje meg inn i nye ting, og det er difor ikkje nokon stor sak for meg. Men eg brukte litt tid på å setje meg inn i ein del nye nettsamfunn då eg byrja å jobbe med ungdom i haugesund... Og eg bruker det fortsatt svært mykje i kommunikasjon med ungdom.
Skulle ynsje eg hadde alle svara. Nokon av mine lesarar som har formeiningar om dette?? Kommenter gjerne!! Både de som jobbar med ungdom, og de som er ungdom (eg ser meg sjølv i begge desse kategoriane :-p)
onsdag 15. september 2010
Eg likar jobben min!
Det er så kjekt på jobb når eg kan henge med ungdommane!! Dei siste to dagane har vore kanonkjekke!!
I dag sto eg ikkje opp før kl. 12. Det var digg det!!
Så har eg strikka og lest og sett masse søppel-tv. Og kl. 19.30 sto 5 ungdommar på døra. Klare for bibelgruppe. Me drakk kakao, ba saman, las bibelen, prata, kosa oss. Var ferdige ca kl. 20.45, men dei ville jo ikkje heim!! Så då har dei vore her å lekt med spotify og Youtube og slikt til klokka var 21.45. FANTASTISKE ungdommar!!!! :-) Ååååå så kjekt det er :-D
Og i morgon er eg klar med kaffien att. Og eg gler meg masse masse masse!!! Det er kjekt å vere så gla i så mange ulike ungdommar! Dei er såååå kule :-D
- I går var det konfirmantundervisning frå kl. 14.30-16.00. Eg laga litt mat til desse konfirmantane, og dei er jo så kule!! No kan eg snart namnet på alle 54.
- Kl. 17.00 var det styremøte for Skulelaget på Smiodden. Og dei ungdommane der er så kule dei og!!! Krist.in var også med, fordi ho skal jo ha praksis hjå meg. (når det gjeld Kristin så trur eg ho fortener eit eige blogginnlegg snart. For ho er så kul) Så kjøpte me oss litt grandiosa, før me skulle vidare til:
- KRIK kl. 19.30. Og dei ungdommane som styrer KRIK er også kjeeempekule!! Eg blir så gla i alle desse kule ungdommane mine!! Det var mange folk og god stemning på KRIK. Kjekt var det (sjølv om, eller kanskje fordi, eg sat mest på sidelinja, og berre såg på;-) )
- Kl. 20.30 fekk eg melding av sjefen om at det var komen nokre kule ungdommar til kyrkja, og presten hadde gitt dei litt Kaffi. Han lurte på om eg hadde lyst å ta ein tur innom, og det hadde eg jo sjølvsagt!!!! Så då kjøyrde eg til kyrkja igjen. Gjekk og kjøpte to grandis til og vart sittande der med desse kaffigutane eit par timar til ;-)
I dag sto eg ikkje opp før kl. 12. Det var digg det!!
Så har eg strikka og lest og sett masse søppel-tv. Og kl. 19.30 sto 5 ungdommar på døra. Klare for bibelgruppe. Me drakk kakao, ba saman, las bibelen, prata, kosa oss. Var ferdige ca kl. 20.45, men dei ville jo ikkje heim!! Så då har dei vore her å lekt med spotify og Youtube og slikt til klokka var 21.45. FANTASTISKE ungdommar!!!! :-) Ååååå så kjekt det er :-D
Og i morgon er eg klar med kaffien att. Og eg gler meg masse masse masse!!! Det er kjekt å vere så gla i så mange ulike ungdommar! Dei er såååå kule :-D
søndag 5. september 2010
Konfirmant kick-off!
Har vore med dei nye konfirmantene våre heile helga! KJEKT!!! :-) På fredag hadde me kick-off frå kl. 19.00-23.00. Då var det konkurransar/sporlek, grilling og gudstjeneste. Me storkoste oss!!!!! Dei beste laga på sporleken var: 3. plass: KRIK, 2.plass: Konf-action guttene, 1.plass: Konf-action jentene. Eg var så stolt av desse kjekke konfirmantane mine!!! (for konf-actiongjengen er jo litt mine).
Laurdag var det 4 timars undervisning/samtalegrupper med ein liten matpause i mellom, og i dag har me hatt presentasjonsgudstjeneste. Fytti for nokon fantastiske konfirmantar!!!!!
Og eg har verva 3 stk til songgruppa mi ;-)
Og no i kveld har me hatt Binders (ungdomsklubben). Dette året er det ikkje obligatorisk for nokon konfirmantar, men eit heilt frivillig opplegg (i fjor var det 30 konfirmantar som måtte vere der, og ingen andre som kom). I kveld kom det 26 stk!! Heilt frivillig!!! Tilogmed nokon av fjorårskonfirmantane stakk hovudet innom.
Ungdomsarbeid er berre KJEKT etter slike helger :) Eg gledar meg til fortsettelsen på dette året :)

torsdag 26. august 2010
Monotasking
Det er det motsatte av Multitasking. Det betyr altså å gjere ein ting om gången!
Eg har vore på kurs i helga (eller det følest som om det var helg, men det var jo eigentleg onsdag til torsdag...) Der hadde me fantastiske foredrag om nærværskompetanse. Det er eit fint ord det!
Eg lerte mykje. Men i korte trekk: Monotasking. Vær alminnelig (vær deg sjølv).
Når eg kom heim i dag drog eg rett på jobb, for å lese litt mail, og så kom Kristin på middag, og me snakka litt om praksisen ho skal ha, og så var eg tilbake til kyrkja for å ha sanggruppe med ungdom, og så hadde me informasjonsmøte til hjemmegruppeledarane, så prøvde eg å verve ein bra mann til trosopplæringsutvalget vårt. Og veit dykk kva!!? Eg klarte å monotaske!!! Eg tenkte ikkje på songar og songgruppa når eg snakka med Kristin (eller eg gjorde jo det på
slutten då, men då var me jo ferdige å snakka ;-) ) Og eg tenkte ikkje på hjemmegruppeledarane når me song, og eg tenkte ikkje på trosopplæringsutvalget når eg snakka om hjemmegruppene. Og eg er ikkje sliten!!! Normalt ville eg ha vore kjempesliten etter ein slik dag, fordi eg ville ha tenkt på alt, og bekymra meg for alt eg ikkje har gjort samstundes med at eg gjorde noko anna!! Det er slitsomt det!!
Så eg skal jammen drive meir med slik monotasking. Det var kjempelurt ;-)
Eg har vore på kurs i helga (eller det følest som om det var helg, men det var jo eigentleg onsdag til torsdag...) Der hadde me fantastiske foredrag om nærværskompetanse. Det er eit fint ord det!
Eg lerte mykje. Men i korte trekk: Monotasking. Vær alminnelig (vær deg sjølv).
Når eg kom heim i dag drog eg rett på jobb, for å lese litt mail, og så kom Kristin på middag, og me snakka litt om praksisen ho skal ha, og så var eg tilbake til kyrkja for å ha sanggruppe med ungdom, og så hadde me informasjonsmøte til hjemmegruppeledarane, så prøvde eg å verve ein bra mann til trosopplæringsutvalget vårt. Og veit dykk kva!!? Eg klarte å monotaske!!! Eg tenkte ikkje på songar og songgruppa når eg snakka med Kristin (eller eg gjorde jo det på
slutten då, men då var me jo ferdige å snakka ;-) ) Og eg tenkte ikkje på hjemmegruppeledarane når me song, og eg tenkte ikkje på trosopplæringsutvalget når eg snakka om hjemmegruppene. Og eg er ikkje sliten!!! Normalt ville eg ha vore kjempesliten etter ein slik dag, fordi eg ville ha tenkt på alt, og bekymra meg for alt eg ikkje har gjort samstundes med at eg gjorde noko anna!! Det er slitsomt det!!Så eg skal jammen drive meir med slik monotasking. Det var kjempelurt ;-)
Abonner på:
Innlegg (Atom)