torsdag 23. juli 2009

Effektive dagar


Her har de parasitten min. Roger seier det er ein parasitt, så då trur eg på det :-) No har eg redda stakkars gullfisken, så no håpar eg han har det bra. (Han var nesten ennå eklare på bilete en i verkelegheita :-/)

I går sat eg i telefon. Ja det var stort sett det eg gjorde. Ringde rundt til alle forsikringsselskapa. Og som vanleg så sparer ein nokre kroner på det. Så no vil eg anbefale alle å sjekke ut Skudenes og Åkra sparebank sin forsikring. Den var det absolutt billigaste alternativet!! (for dykk som har konto der iallefall). Eg har altså gått ned 600,- frå i fjor, trass at eg har lagt på ein forsikring ekstra. Så no har eg innboforsikring, og kan endre folkeregistrert adresse, så slepp eg å snylte på stavanger kommune når det gjeld skatting. (skjer det automatisk?)  


Andre ting eg har gjort dei siste dagane er å rydde. Eg har rydda og rydda, men ingen vil sjå det om dei kjem på besøk til meg. For eg har nemlig rydda inni dataen min!! Og det er så herrleg!! Bileta, musikken, dokument, program. Sletta, lasta ned, brunne ut, osv osv osv. Eg har til dømes fått meg Opera og Safari nettlesarar, så no er det over med Explorer for min del!! :-) Eg skal i alle fall teste dei ut :-) 

Og så har eg høyrd mykje på musikk, for eg har kjøpt meg ein ledning som koplar dataen til høgtalarane mine. Så no kan eg høyre all musikken min frå iTunes utan å måtte bruke dei dårligge høgtalarane på pc-en. Eg syns jammen eg har vore ganske så effektiv eg dei siste dagane, sjølv om eg nok har sove litt lenge om morgonane, og vore på ein del shopping med Ingunn, og spelt spel hjå fam. mjølhus. Men det er effektive og viktige ting det og ;-) 

No skal eg lese meg ein andakt. Eg har nemlig kjøpt meg ei andaktsbok som eg trur eg liker ganske godt! Eg plar ikkje å vere så nøgd med andaktsbøkene eg har prøvd, men eg likar Luther!!! :-) Så endå ein anbefaling i dag er denne boka her ;-) 1,- pr. andakt, det er då ikkje ille pris heller det ;-) 

Ha ein fortsatt fin juli!! 

3 kommentarer:

Kjell Rune sa...

Flink jente. Og eg anbefalar sjølvsagt Safari. Hels parasitten;)

glimt av lykke sa...

Så flinke du har vore, skikkeligt produktive dag! Me har ikkje fått gjort så møkje fornuftigt, barre lekt og tulla :)

Karianne sa...

Høres ut som du får gjort litt av hvert du!
Håper det går bedre med denna fisken enn den forrige..