tysdag 21. juli 2009

Fisk

Ja no har det seg slik at eg har omsider kjøpt meg ny fisk. Det vart ein slørhale. Når eg kom heim trudde eg han var sjuk, for han hadde noko svart på gjella si (heiter det det? Der han pustar.) Og så fekk han slike panikkanfall eller noko. Skjelvingar. Eg trudde han fraus eg, for vatnet var kanskje litt kaldt.... :-/ 

Men så etter ei stund når eg skulle sjå på han igjen, viste det seg at den svarte flekken var løsna frå gullfisken min, og det var jammen ein levande skapning!! Eg har fått to fiskar!! Oj. Eller, eg veit ikkje heilt om eg skal kalla det ein fisk... det er ein bittebitte liten flyndreaktig sak, og eg klarer ikkje heilt å bestemma meg for om eg synes han er søt eller ekkel. Eg trur gullfisken min hadde det fint då. Han verka meir avslappa og såg ut som han kosa seg i vasen sin (ja det er ein stor vase frå IKEA, eg har prøvd å ha fisk i han før, og det funka ikkje, så får me sjå korleis det går no) 

Og så lurer eg jo sjølvsagt på eit par ting til. Roger eg treng litt hjelp her! Så Judith, kan du videreformidla dette til din ektemann?? :-) Takk takk ;-) Det er fint å kjenne ein slik fiskeekspert. Roger er ekspert på mange ting han, blant anna fiskar :-) 

For eksempel så lurer eg på om han kan få bu på golvet. Det var det eg hadde tenkt, han står der no. Men det kan jo kanskje bli litt kaldt til tider??

Og så lurer eg på kor ofte eg skal byte vatn og slikt. Kanskje eg gjorde reint for ofte med den der kampfisken min?? Dei tålar jo ikkje så mykje forandring. Dama på butikken sa at han sikkert ikkje hadde frose i hjel. Eg trudde det eg. At eg hadde frose han ut lixom. Men ho var ikkje einig. Ho dama sa forresten at både kampfisk og slørhalar skulle vera lette å halda i live.... :-/ Lurar på kva eg gjorde feil med slørhalen min då... Og så kjøpte eg slørhale, sjølv om Roger sa ein gong at eg heller måtte kjøpa vanligge gullfiskar. Men dama på butikken sa at dei blir for store til boller (og det gjeld nok vasar og ;-) ). 

Og så lurar eg på om eg skulle ha kjøpt meg ein til. Han ser så einsam og trist ut. Er det plass til to i ein vase? eller vert det for trangt?? 

Og så er eg litt bekymra for dette krypet som driv å festar seg på fisken min heile tida. Eg tenkte eg skulle prøve å få tatt eit bilete av han, men han har festa seg på gullfisken igjen, og gullfisken min ser litt redd ut synes eg... Staaakar. Eg veit ikkje heilt om dei er vener eller fiender. Kanskje dei berre leker når han prøver å riste seg laust? Tenk om dette krypet kjem til å drepa gullfisken min!! :-o Kjem den saken til å veksa seg stor?? Kanskje det ikkje er ein fisk i det heile, berre ein stor, ekkel bakterieting? Her er nokre bilete. Eg har fått med den svarte tingesten og. 

Og så treng han sjølvsagt navn!! Eg tenkte Aline skulle få bestemme navn, men ho sa berre sånne tullenavn som ikkje finst. Så då får eg spørje om forslag frå lesarane mine :-) Aline sa det var ei jente. 

2 kommentarer:

roger sa...

Hei Margot.
Eg trur du har fått med deg heim ein parasitt av eit eller anna slag.
Eg tykkjer det kunne vera lurt å informera selgar om tilfellet, og vist dei krypet.
Det kan vera slik at dette er veldig skadeleg for fisk og planter. Det kan bli uhyggeleg om ein akvarist får parasittar i sitt akvarie med mykje dyre fiskar.
Som akvarist må eg seia med handa på hjarta at eg aldrig har sett noko liknande.
Eg vil råda deg til å skifta vatten kvar 14 dag i ei bolle av slik storleik.
Hugs å varma(koka) litt av vatnet for at vatnet ikkje er for kalt når du tar fisken oppi. Ikkje bruk varmt vatten frå kranen då det kan innehalda skadelege stoffer for fisken. Viktig at det nye vatnet har same temp. som det vatnet fisken er oppi. Då får han ikkje sjokk når du flyttar han over.

Sang Tao - Judith sa...

P.S. du ska IKKJE ha fisken i det kokande vatnet...;)