I dag reiste eg heim. Ranveig og Asle jobbar to veker, og då skal Sunniva bu her sjå bestemor. Og det syns tante er kjekt. Ho ropa tante når eg kom heim i dag :-D

Og ikkje berre sa ho tante, men ho STO medan ho sa tante.
Ho er også så stor at ho sit på vanlig voksenstol når ho et middag.
Sunniva har fått seg ein tøff politibil, så no er det lett å komme seg framover ;-)


I morgon skal tante og Sunniva kosa seg saman heile dagen. Me skal også få litt besøk av Tone Iren. Då skal me vise henne alle kunstene våre. Som f.eks. at me kan gå når me berre har nokre fingrar å halde oss i.
2 kommentarer:
Herligt! =)
Herlige hu e ;D
Legg inn en kommentar