tysdag 19. mai 2009

Mykje på hjartet

På facebook er det oppretta ei gruppe for dei som er leie av å høyre Fairytale. Eg skjønar ikkje det. Eg har måtte oppsøkje den på youtube for å få høyra den (no har eg rektignok gjort det nokre gonger, for eg synes den er kul). Dette har kanskje ein samanheng med at eg ikkje har fjernsyn. Men eg har då høyrd ein del på radio både den 17 mai og seinare, og eg har ikkje høyrd den songen ein gong (det har gått i P1). Men poenget er at de treng jo ikkje å gå lei av den songen. Eg har ikkje gjort nokon anstrengelsar for å sleppa.

Jobb?? Ja det er vel ikkje så mykje meir å seie om den saken ennå.

Nynorsk. Ja eg prøver iallefall. Poenget er at eg synes ungdom har eit veldig dårlig språk, og synes det er trist, men det vert sikkert ikkje betre av at me alle skriv dialekt. Og kvifor har eg byrja med nynorsk i staden for bokmål? Jau... Hm. Lat oss heller spørja om kvifor eg ikkje byrja med nynorsk med ein gong?? Det er fordi eg er ikkje så flink til å skrive nynorsk. Men det vert jo ikkje betre av at eg skriv bokmål overalt. Så no treng eg retting frå alle dei flotte læraremnene der ute ;-)

Twitter. Nei eg skjønar fortsatt ikkje heilt poenget... Men eg er no der ;-)

Gud har ein plan med ditt liv, er ikkje det ein song som er ca slik? Men kvifor får eg ikkje vita kva den planen gjeng ut på? Er det berre eg som ikkje lyttar?? Eller er det bra for meg å leva i spenning? Eller kva er problemet?? Ikkje skjønar eg det, men framtida er usikker, og eg har roen. Gud har jo ein plan liksom...

Bibelen er stadig ei god bok.

Koret mitt har sunge på Baasland sin bibelundervisning i domkyrkja i kveld. Det var veldig bra! Fader vår er ein bøn som ikkje inneheld eg og meg og mitt. Me seier Fader VÅR, ikkje Fader min. Eg ber altså til pappaen VÅR! Dette var faktisk ei ny oppdaging for meg. Vår Far. Han er jo sjølvsagt min og, men fokuset vårt endrar seg kanskje litt dersom me tenkjer på det??

Eg skal heim i helga. Det blir kjekt. Kanskje eg må droppa innom klubben i kyrkja på fredag. Dei skal nemlig overnatta. Kvifor gjorde aldri vi det??

4 kommentarer:

linn sa...

Så bra at du skrive nynorsk ;O)

Kjellfjell sa...

Ja, til nynorsk. Heilt enig med det du skriv om at ungdom har dårlege språkvaner. Det er mykje halvslakt på ungdomsskulen i alle fall.

Håpar du finn ein jobb snart, men at du slepp å verta usikker fram til den dagen kjem.

kR

totliii sa...

margot miiiii!!!! du skrive på nynorsk!!! hurra for deg!!!

innholde i posten ska eg kommentera ein dag når d e dag når eg lese å ikkje nått.

smask på deg!

Gunvor sa...

Eg forstår ikkje korleis du klarte å unngå Fairytale på 17. mai! Mogleg du sto opp litt seinare enn meg, for eg trur eg høyrde den songen minst to gonger (på P1, ja) før eg gjekk frå hybelen min for å være med på feiringa i Tigerstaden =) Som berre for å ha sagt det vart innleia med kransnedleggjing på Ivar Aasen si grav, i regi av Studentmållaget i Oslo. ...der eg er medlem ;o) Ikkje det at eg alltid skriv nynorsk, det går mykje i dialekt og alle oppgåver ender på bokmål, men det er då noko =p Elles vil eg gjerne dele ein liten gut sin bøn med dykk (på bm, da):
"Kjære Gud, ta vare på hele verden. Og Gud, vær så snill; ta vare på deg selv også, ellers er det ute med oss alle sammen."